Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og dyktig team ved sengesentralen ved Ålesund sjukehus? No har du moglegheita. Vi har ledig ei fast 32,5 % stilling som assistent, i tillegg søkjer vi etter tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved behov.
Sengesentralen er ein del av Seksjon forsyning og interntransport, der vi kvar dag arbeider for å levere pålitelege og kvalitetssterke servicetenester for heile sjukehuset. Sjølv om arbeidet vårt skjer i kulissane, er assistentane heilt avgjerande for at sjukehuset skal fungere godt.
Hos oss får du ei viktig rolle for å sikre at pasientsenger og tilhøyrande utstyr alltid er reint, trygt og klart til bruk. Innsatsen din bidreg direkte til god pasienttryggleik, effektiv pasientflyt og ein velfungerande sjukehuskvardag.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, respekt og serviceinnstilling står sterkt. Arbeidskvardagen er variert, praktisk, aktiv og du vil samarbeide tett med fleire faggrupper på sjukehuset. Her blir du verdsett for innsatsen din, og du får vere med på å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Vi ser etter deg som er påliteleg, strukturert og har stor arbeidskapasitet. Du trivst med fysisk arbeid, tek ansvar og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø for både kollegaer og pasientar.
Dersom du likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo, meiningsfulle oppgåver og gode kollegaer, håpar vi du vil søkje jobb hos oss!
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, Vegard.Edvardsen.Kjemphol@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5161186577
Stillingsprosent: 32,5%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 19.08.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.