Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Er du klar for ei meiningsfull og spennande utfordring?
Vi søkjer ein engasjert vernepleiar med vidareutdanning, eller anna relevant tilleggsutdanning, til eit ledig vikariat ved vår tverrfaglege eining på Hjelset. Vikariatet gjeld for perioden 01.01.2027–30.09.2027.
Seksjon for habilitering av barn og unge har einingar både på Hjelset og i Ålesund, og ligg under avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering. Seksjonen er tverrfagleg samansett og omfattar fagpersonar innan sjukepleie, vernepleie, spesialpedagogikk, ergoterapi, fysioterapi, psykologi og medisin.
Arbeidet er variert og meiningsfullt, og prega av tett tverrfagleg samarbeid med fokus på heilskaplege og individuelt tilpassa tiltak.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194515051
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.11.2026