Avdeling psykosomatisk medisin er lokalisert i Glasblokkene, og er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 3 seksjonar: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri, og Seksjon for nevrostimulerande behandling.
Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenestar til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus. Vi jobbar med avgrensa pasientforløp når pasienten er inneliggande på somatiske einingar, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar.
Seksjonen har eit godt tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig fast stilling for godkjend spesialist i psykiatri.
Vi tilbyr ein spennande jobb med anledning til å vere med på å utvikle psykosomatisk medisin og konsultasjon-liasonteneste. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ann Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5163453764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.