Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved anleggs- og driftsavdelinga?
Vi søkjer ein fagarbeidar innan anleggsfaget til uteseksjonen i 100% fast stilling. Vi ser etter ein person som har evna til å skape det triveleg og ryddig på dei kommunale områda som avdelinga har ansvaret for.
Avdelinga sorterer under sektor for samfunnsutvikling, og har per i dag sju tilsette. Fire av desse har sitt daglege verke i uteseksjonen, med verkstad/brannstasjon som base med pauserom, kontor og garderobefunksjonar.
Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov, der det kan være aktuelt å delta i vaktordning - teknisk vakt.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju.
Fred Arnesen, Avdelingsleiar, +47 48897570
Sjukeheimsvegen 12
6092 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5162042630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.09.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !