Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som leiar for avdelinga Selje/Stadlandet frå snarast råd til 01.10.2027, med moglegheit for forlenging ut 2027.
Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta inneber ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få høve til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.
Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du ønskjer å skape gode resultat, trivast med ansvar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga og bidra til å forme framtidas tenester i heimetenesta i Stad kommune.
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Oppgje referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5191437509
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!