UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Michael Sars-senteret er det ledig ei mellombels stilling som forskar i evolusjonær og utviklingsbiologisk nevrobiologi. Stillinga er for ein periode på 9 månader og finansiert av Universitetet i Bergen. Føretrekt oppstart er i september/oktober 2026, men kan avtalast nærare.
Burkhardt-gruppa kombinerer komparative biologiske system i laboratoriet for å forstå når og korleis dei første synapsane, nevrona og nervesystema oppstod i evolusjonen. Gruppa har særleg interesse i å studere nervesystemet hos ctenoforar (ribbemanetar). Ribbemanetar – sterke kandidatar til å vere søstergruppa til alle andre dyr – er vakre, men framleis gåtefulle marine organismar. Gitt deira fylogenetiske plassering, vil karakterisering av nervesystemet hos ribbemanetar kunne gi grunnleggjande innsikt i den evolusjonære opphavet til nevrona.
Vi søkjer ein svært sjølvstendig og motivert forskar med interesse for evolusjonsbiologi, nevrobiologi og cellebiologi. Prosjektet vil fokusere på utviklinga av nervenettet hos ribbemanetar og korleis fusjonerte nevrittar i nervenettet blir danna. Den tilsette vil gjennomføre forsking ved hjelp av enkeltcelle-RNA-sekvensering, elektronmikroskopi og transgene rapportørlinjer for å forstå utviklinga av nervenettet. Kandidaten vil arbeide tett saman med gruppeleiaren og dei andre medlemane i laboratoriet.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Pawel Burkhardt, epost: pawel.burkhardt@uib.no eller administrasjonssjef Kristina Håvås Hanson, epost: Kristina.hanson@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgivar Veronica Stålhand, tel: +47 55 58 43 74, epost: veronica.stalhand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Michael Sars Centre held til på Marineholmen saman med andre forskingsinstitutt ved universitetet. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor fakultetet for naturvitskap og teknologi og er partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland.– Les meir her.