Vi har ledig eit vikariat i 80% og to i 100%
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø og hyggelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tverrfagleg med eit tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar og gir deg som sjukepleiar god breidde i kompetanse og erfaringar. For tida har vi 30 sengeplassar fordelt på tre grupper.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjordar og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, +47 47829022, Laila.Moe.Winjevoll@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5139086514
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 03.07.2026