Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss! Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027.
Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.
I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Gro Lillegraven, Seksjonsoverlege, gro.lillegraven@helse-bergen.no
Magnus Wiger Austefjord, Overlege, magnus.wiger.austefjord@helse-bergen.no
Sjukehusvegen 12
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5174933971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.