Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Skolen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena.
Frå og med 09.11.26 har skolen ledig vikariat til og med 14.06.2027 i følgande fag:
Biologi 28,23%
Naturfag 25,27%
Geografi 10,11%
Kontaktlærerfunksjon 10%
Faga kan delast mellom fleire lærarar. Stillingane vert sett saman etter skolen sine behov, deriblant kva andre fag ein har i elles fagkrinsen. I alle tilsettingsprosessar knytt til tilsettingar ved skolen, må ein vere førebudd på å gjennomføre ein prøvetime om ein blir kalla inn til intervju.
NB! Skriv kva fag du søker på.
Espen Nesheim Vaular, Avdelingsleiar, 97068925, espen.nesheim.vaular@vlfk.no
Lars Berntsen, rektor , 99757795, lars.berntsen@vlfk.no
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5189106043
Stillingsprosent: 73,6%
Vikar
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 11.06.2027
Søknadsfrist: 16.10.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.