Ål kommune søkjer no biblioteksjef. Me ser etter deg som er oppteken av biblioteket som samfunnsaktør, og som ser biblioteket sin verdi i lokalsamfunnet. Du er engasjert og ambisiøs og vil bidra til å utvikle eit framtidsretta bibliotek. Rolla som biblioteksjef har ein sentral plass i kommunen si sterke satsing på kultur.
Ål bibliotek er eit meirope bibliotek i hjarta av Ål kulturhus. Biblioteket er ein sentral del av kulturlivet i kommunen og samarbeidar breitt med ulike aktørar i lokalmiljøet.
Litteraturformidling, læring og digital utvikling er viktige satsingsområde.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag. Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Fotograf: Knut Utler