Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!
Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge.
Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.
Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov.
Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5189497704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026