Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i Heimetenesta, med arbeid på dag og kveld, og kvar 4. helg.
I Heimetenesta har vi valt å satse på langvakter i helg, noko som gir ein annleis og spennande arbeidskvardag. Helgevaktene er på 14 timar laurdag og søndag og gir lengre samanhengande arbeidsperiodar og færre helger på jobb.
Heimetenesta er organisert i éi sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Som sjukepleiar får du ein variert og sjølvstendig arbeidsdag, samtidig som du blir ein viktig del av eit tverrfagleg team med fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for brukarane våre.
Vi nyttar i dag Visma Profil, men er godt i gang med arbeidet med å ta i bruk eit nytt elektronisk pasientjournalsystem. Digitalisering og bruk av ny teknologi er viktige satsingsområde for framtida i Austrheim kommune, og som medarbeidar i Heimetenesta får du vere med på denne utviklinga.
Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring og fagutvikling. Vi samarbeider også på tvers av einingane innan pleie og omsorg for å utvikle gode arbeidsprosessar, utnytte ressursane på ein god måte og sikre forsvarlege og framtidsretta tenester.
Hos oss får du moglegheit til å bruke sjukepleiarkompetansen din i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får arbeide tett på brukarane og samtidig vere med på å utvikle Heimetenesta vidare.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!