Askøy vidaregående skule har omlag 750 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har nytt skulebygg med moderne undervisningslokaler og fellesareal. Våren 2026 stod også Askøy kommune sitt nye idretts- og svømmeanlegg ferdig, til glede for våre elevar.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Skulen har ledig 100 % midlertidig stilling som miljøarbeidar. Stillinga er for tida knytt til ordinære grupper, hovudsakleg for yrkesfag. Det kan også bli aktuelt med oppgåver i samarbeid med elevtenesta og miljøteamet.
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag
I stillinga er det eit krav at du har erfaring frå arbeid med ungdom. Det er er ønskjeleg med fagbrev eller arbeidserfaring som er relevant for teknologi og industrifag.
Andre relevante fagbrev, og/eller arbeidserfaring, som miljøarbeidar eller innanfor skulen sine utdanningstilbod, kan også gje eit fortrinn.
Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettjast i vidaregåande skule.
Det blir lagt vekt på at du:
Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna.
Miljøarbeidar følgjer skuleruta og har eit arbeidsår på 39 veker, med 37,5 timar i veka. 38 veker følgjer skuleruta for elevane, og ei veke (5 dagar) er sett av til planlegging. Med tilsetting i 100% stilling eit heilt skuleår utgjer dette 89% løn.
Heidi Karin Willesvik, Avdelingsleiar , 95 78 42 59
Berit Karin Øydvin Nilssen, Rektor , 41315749
Søre Myrane 13
5300 Kleppestø
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5155228437
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 14.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.