Vi søkjer ein engasjert og strukturert kollega som vil vere med på å løfte det faglege nivået på avdelinga vår.
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Vil du ha ein arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid med fagleg utvikling, rettleiing og organisering?
Hos oss får du ein unik moglegheit til å forme din eigen kvardag, samstundes som du sikrar at pasientane våre får det aller beste tilbodet.
Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med andre fagsjukepleiarane i operasjonsavdelinga. Du vil også samarbeide opp mot ortopeder, ulike avdelingar og leverandørar.
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Linda Kristine Jansson, Seksjonsleiar, +47 99524423
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5151974807
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.