Vi har ledig fast stilling som spesialingeniør/ instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).
MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt Napos, Noklus Hordaland og RELIS Vest.
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.
Vi søker ein spesialingeniør med sterk interesse for avansert laboratorieinstrumentering og massespektrometri. Den som blir tilsett vil vere ein del av kjemikargruppa ved MBF, og ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidareutvikling av ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Stillinga er knytt til Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar og inneber samarbeid med instrumentansvarleg ved Hormonlaboratoriet og fleire seksjonar ved avdelinga.
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har mellom anna 9 LC-MS/MS-instrument, 3 LC-QTOF-MS-instrument, 1 GC-FID-instrument og 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Christina Ramsens, Seksjonsleiar, 55973257, christina.ramsnes@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194028356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.