Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.
LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.
Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.
Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frank Tore Jenssen, Seksjonsleiar, 55974124
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5176297460
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 01.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.