Sirdal sokn arbeider for ei levande kyrkje kor me ynskjer større oppslutnad om gudstenestane for både barnefamiliar, ungdom og vaksne. Kyrkjelyden samarbeider med Tonstad bedehus og andre forsamlingar i dalen.
Sirdal sokn er samanfallande med Sirdal kommune. Soknet har fire kyrkjebygg: Tonstad kyrkje, Lunde kyrkje (20 km nord for Tonstad), Kvævemoen kapell (40 km nord for Tonstad) og Haughom kapell (10 km sør for Tonstad).
Sirdal sokn har 1378 medlemmer. Det utgjer 72,1 % av befolkninga.
Det er til saman ca. 4 årsverk i kyrkjelyden. Kyrkjeverje (100 %), organist/kantor (80 % frå 01.01.27) og to trusopplærarar (til saman 120 %). I tillegg tre kyrkjetenarar og ein reinhaldar i mindre stillingar. Det er høg trivsel og god kompetanse blant dei tilsette.
Frivillege deltek mellom anna som klokkar, kyrkjevert og tekstlesar. Det vert arbeidd aktivt for å engasjera fleire frivillege.
Kyrkjelyden har fast gjevarteneste til ungdomsarbeid og nytt kyrkjesenter. Ein satsar mykje på barne- og ungdomsarbeid, og kyrkjelydsarbeidarane samarbeider godt med skular og barnehagar. Kyrkja driv korarbeid for barn, ungdom og vaksne.
Soknerådet har diverse utval og komitear for ulike delar av kyrkjelivet.
Hausten 2026 flytter staben inn i nytt kyrkjesenter i nærleiken av kyrkja, og med Tonstad bedehus som nabo.
Lars Peder Holm, Personalsjef, 93080998, lh379@kirken.no
Geir Ola Tveit, 95808836, geir.ola.tveit@lyngdal.kirken.no
Tonstadveien 25
4440 Tonstad
Arbeidsgiver: Den norske kirke
Referansenr.: 5154886110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Bilete: Tonstad kyrkje
Sirdal kommune er ein attraktiv kommune med sentral plassering.
Sirdal kommune har moderne skular og barnehagar og godt utbygd helsevesen.
Tonstad er kommunesenter. Det er videregåande skule med idrettsline på Tonstad.
Sirdal er ein kraft- og hyttekommune. Dei fleste hyttene er i Øvre Sirdal. Gode moglegheiter for friluftsliv sommar og vinter i skog og høgfjell.
Avstand til næraste byar: Sandnes/Stavanger 95 km, Flekkefjord 57 km, Egersund 55 km.
Sjå elles kommunens heimeside: sirdal.kommune.no og kyrkjelyden si heimeside sirdal.kyrkja.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.