Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027.
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling.
Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-.
Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post.
Stillingsprosent: 16 - 25
Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*)
Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027.
Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sjå kontaktinformasjon ovanfor
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5133551166
Stillingsprosent: 25%
Vikariat
Søknadsfrist: 14.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.