Har du eit stort engasjement for frivilligheit, kultur og å skape møte mellom menneske?
Som dagleg leiar får du gleda av å vidareutvikle eit spennande samarbeid med dei frivillige i Aukra. Du har arbeidsstad på Aukra kulturhus og samarbeider tett med heile kulturtenesta i Aukra.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk på stilling".
Søknadsfrist: 27. juli 2026.
Kontaktperson: Kultursjef Anne Jorunn Sandøy, tlf. 959 07055
Sjå ein kort film om Aukra kommune her:
https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI
Link til søknadsskjema:
Søk herKulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid.
Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.