Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar lokalisert på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og tre avdelingar på Haukeland; Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin.
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå.
Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. Seksjon S6 er ein av dei to døgnseksjonane med ni ordinære døgnplassar og tre psykiatriske intensivplassar.
Vi arbeider for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt her hos oss, og i tillegg til å arbeide relasjonelt er vi stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling til våre pasientar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Silje Skår Jakobsen, Ass. seksjonsleiar, 55958764
Jan Legreid, Seksjonsleiar, 55958762
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5159717508
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 21.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.