Tilkallingsvikar barnehage
Me ser etter deg som er ein leikande vaksen, du viser engasjement og tar ansvar og initiativ saman med barna, samt arbeida tett saman med kollegaer.
Me treng deg som er ein trygg vaksen, som kan engasjera deg i leiken til barna og leggja til rette for god leik og gode aktivitetar, både ute og inne.
Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø
lønn etter PBL sin tariff
variert arbeidsdag med kjekke kollegaer
opplæring og rettleiing vert gitt undervegs
mykje uteliv/friluftsliv og dagleg kontakt med dyr
Barnehagen ligg på Vevle, midt mellom Lonevåg, Valestrand og Haus. Me er ein gards- og friluftsbarnehage, med vekt på friluftsliv og omsorg for dyra våre.