Skei omsorgssenter søkjer fleire engasjerte kollegaer!
Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp.
Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
No søkjer vi deg som vil vere med å løfte oss vidare.
Kommunen gjev 35 000 over grunnløn for sjukepleiarar.
Vi har årsturnus, og for dei som ynskjer det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Andre med interesse for faget kan søke, og vert då tilsett i mellombelse stillingar.
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.