Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga
Vil du vere med på ein jobb der ingen dagar er like, og der du kan skape tryggleik, glede og gode augeblikk for barn og unge?
Ein av våre LIS3 er no klar for nye utfordringar og vi søkjer no ein ny kollega som ønsker å spesialisere seg i barnesjukdomar (pediatri).
Hos oss finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles engasjement for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!
Avdelinga omfattar barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, nyfødtintensiv eining, barnesengeeining og Familieambulatoriet. Vi har for tida ni overlegestillingar og sju legar i spesialisering.
👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg!
Oppstartsdato etter avtale.
Du må ha:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga, 91875039, anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5198340157
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.