Seksjon dag ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 50% fast stilling for å oppretthalde pasientperspektivet i tenesta vår.
Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag. Seksjon Dag tilbyr poliklinisk behandling til menneske med utfordringar relatert til psykisk uhelse og rus.
I Seksjon Dag inngår blant anna eit FACT-team som jobbar oppsøkjande og fleksibelt for å hjelpe dei pasientane som treng tettast og mest tverrfagleg oppfølging.
For å kunne gje eit breitt tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Vi har til no hatt gode erfaringar med å ha erfaringskompetanse som ein del av fagmiljøet.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Børre Taklo, Seksjonsleiar, +47 91314965 - 90736303
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5162342789
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.