Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta
Bu- og miljøtenesta Selje/Stadlandet har no tre ledige 100 % stillingar som vernepleiar/miljøterapeut. Stillingane inkluderer 20 % frie timar. Vi kan tilby moglegheit for langvaktturnus med komprimert arbeidstid, noko som kan gi større fleksibilitet og meir samanhengande fritid
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i kontinuerleg utvikling, med fleire tenestestader som tilbyr heildøgnstenester og oppfølging av heimebuande brukarar. Vi gir tenester til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar med ulike funksjonsnedsettingar, og arbeider målretta for å skape trygge, meiningsfulle og individuelt tilpassa tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og brukarmedverknad står sentralt. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt tenestemottakar opplever meistring, sjølvstende og best mogleg livskvalitet.
Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen. Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast inn. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søknad om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du kontake avdelingsleiar Silje Sneide telefon 481 19 558 eller assisterande einingsleiar Ann-Charlotte Jansson telefon 977 23 146
Silje Sneide, Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
6750 Stadlandet
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152939238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!