Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.