Arbeidstilsynet skal bidra til at tilsette ikkje blir sjuke av arbeidet eller skadde på jobb. Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å sørge for godt arbeidsmiljø, men vi i Arbeidstilsynet kontrollerer og rettleier.
Tilsyn er det viktigaste verkemiddelet vi har for å kontrollere at verksemdene i landet oppfyller krava i arbeidsmiljøregelverket. Dette inneber både kontroll og rettleiing i verksemder i ulike næringar og bransjar. Tilsyn er ofte retta mot organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk sikkerheit, førebygging av ulykker, kjemiske og biologiske arbeidsvilkår, lønns- og arbeidsvilkår og kamp mot arbeidslivskriminalitet.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og bakgrunn og med ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søke jobb hos oss. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Visjonen vår er «Saman for eit godt arbeidsliv». For å greie det styrer vi etter verdiane våre, som er «modig, klok og tydeleg». Det ønsker vi at du også skal vere.
Vi søker no etter to juristar til den juridiske seksjonen vår i Avdeling tilsyn vest. Seksjon juridisk vest inngår som ein av seks seksjonar i Avdeling tilsyn vest. Arbeidsstad kan vere Ålesund, Førde, Haugesund eller Stavanger. Her vil du vere del av eit tverrfagleg miljø med juristar og inspektørar frå ulike fagområde.
Seksjonen har ansvar for arbeid med lovbrotsgebyr, meldingar og tilrådingar til politiet, behandling av klagesaker (førsteinstans) og høyringar. Seksjonen skal vidare bidra med juristkompetanse i tilsynssaker og gjennomføre aktivitetar for å sikre einskapleg myndigheitsutøving, mellom anna kvalitetssikring. Dette inneber ansvar for juridiske avklaringar og anna juridisk tilsynsstøtte til inspektørar og leiarar i tilsynsseksjonane.
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss får du
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagde tilsyn frå Arbeidstilsynet.
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Hugs å hake av for dette i dei innleiande spørsmåla du svarer på i starten av søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntak. Vi gjer merksam på at i utvida søkarliste vil alle søkarane vere synlege. Lista er likevel berre partsoffentleg, dvs. berre tilgjengeleg for søkarar på stillinga.
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søker stillinga. Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål og godkjenning frå NOKUT (
http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga. Kontaktperson Kjersti Marie Gjerd, mobil 476 42 023