Hospitalsdrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stillingar:
Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 spisestuer.
Lytta aktivt for å forstå behova og ønska til pasientane
Ha respekt for ulike kulturar, kosthald og helsetilstandar
Vere komfortabel med turnusarbeid (dag/kveld og helg)
Følge rutinar for mattryggleik og kvalitet
Vere løysingsorientert når utfordringar oppstår
Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Ha god helse til å stå og gå store delar av dagen
Vere opptatt av å presentere maten på ein appetittvekkande måte
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Åge Nilsen, Driftskoordinator , 55974536
Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5148958351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.