Vi har ledig 50 % fast stilling som audiograf ved Hørselssentralen, ØNH-seksjonen ved Ålesund sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast.
Hørselssentralen arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av personar med nedsett høyrsel i alle aldrar. Seksjonen har eit særskilt fylkesansvar for utgreiing og oppfølging av små barn som ikkje passerer nyfødtscreening for høyrsel. Vi har òg eit tverrfagleg team som arbeider med utgreiing av Auditory Processing Disorder (APD).
Hos oss blir du del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med tett samarbeid mellom audiografar, audiopedagogar og ØNH-legar. ØNH-seksjonen består av fem overlegar og fire LIS-legar. Hørselssentralen har sju audiografstillingar, og ved seksjonen er det òg ei eiga audiopedagogisk eining.
Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, høg grad av samarbeid på tvers av profesjonar og moglegheit til å bidra i utviklinga av tenestetilbodet til pasientane våre.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105266
Henrikke Klokkehaug Overå, Teamkoordinator, 70105266
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5165565078
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026