Vi har ledig to faste 80% stillingar og ei fast 90% stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A.
Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5153252822
Stillingsprosent: 80, 90%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.