Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.
Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar.
Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling.
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5185668698
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.