Hos Nav Bjørnafjorden får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for menneske og for samfunnet. Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling med oppstart snarast og med varigheit i eitt år. Som rettleiar blir du ein del av avdeling avklaring, velferd og forvaltning, og du får ansvar for å følgje opp brukarar på vegen mot å bli sjølvhjelpen gjennom utdanning eller arbeid.
Nav Bjørnafjorden er del av region Midthordland, og vi er 55 tilsette som samarbeider godt med kommunane i regionen for å gi brukarane våre dei beste tenestene.
Nav Bjørnafjorden har moderne og funksjonelle lokale i Os Næringspark, tilpassa ein aktivitetsbasert arbeidsplass med fokus på samarbeid og fleksibilitet. Kontoret består av engasjerte medarbeidarar fordelt på fleire avdelingar, og saman utgjer vi region Midthordland i Nav Vestland – eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for gode tenester til innbyggjarane våre. Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Nav er stadig i utvikling og du må forvente at det også vil påverke arbeidsoppgåver over tid.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.