Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Vi har ledig eit års vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar ved skjerma avdeling, moglegheit for forlenging.
Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Det blir arbeidd med personsentrert omsorg og VIPS-modellen som verktøy. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda.
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. På skjerma avdeling blir det arbeidd målretta med personsentrert omsorg der den enkelte pasient sine behov, ressursar og livshistorie står sentralt. VIPS-modellen blir nytta som verktøy for systematisk fagleg refleksjon og for å sikre personsentrert praksis.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Wenche Pedersen Thomas, Avd.leiar skjerma avdeling, 948 92 130
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Grandavegen 9
6823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5195196886
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.