Hørselsentralen i Helse Førde søkjer audiograf til fast stilling ved Lærdal sjukehus. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men anna stillingsprosent kan vurderast.
Vil du kombinere ein fagleg spennande jobb med eit aktivt liv mellom fjell og fjord?
Her får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, samstundes som du blir ein del av eit fagmiljø med 7,5 audiografårsverk fordelt mellom Førde, Lærdal og Nordfjordeid.
Ved Lærdal sjukehus er det òg avtalespesialist i øyre-nase-halssjukdommar. Kontoret ligg i nyoppussa lokale som skal vidareutviklast til eit avtalespesialistsenter. Dette gir eit tverrfagleg arbeidsmiljø og gode moglegheiter for samarbeid.
Vi har faste vekentlege fagmøte for alle audiografane og tett samarbeid med ØNH-legar i Førde. Vi legg til rette for fagleg utvikling, kurs og opplæring.
Bu og lev i Lærdal
Lærdal ligg midt i hjartet av Vestland, med kort veg til både Sognefjorden og høgfjellet. Her får du tilgang til eit rikt friluftsliv med fjellturar, sykling, padling, langrenn, alpint og toppturar året rundt. Samtidig er det berre om lag 40 minutt til Sogndal lufthamn, rundt tre timar til Bergen og fire timar til Oslo med bil. Det er kort veg til Hemsedal, Filefjell og andre populære skiområde. Lærdal er eit trygt og oversiktleg lokalsamfunn med kort veg til jobb, barnehage og fritidsaktivitetar.
Du kan sjå ein video om avtalespesialistsenteret, sjukehuset og Lærdal her: Avtalespesialistsenter ved Lærdal sjukehus
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Karianne Haugen Strønen, Avdelingssjef, +47 950 76 834
Karin Refvik, Seksjonsleiar, +47 976 23 683
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5164513328
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.