Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag?
Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt?
Då ynskjer me at du søkjer!
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig:
Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d.
Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå.
KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand.
Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag.
Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5121571680
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.