Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi har ledig følgjande stillingar:
80% - 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar fram til sommaren 2027. Stillinga er lagt til Vikedalen barnehage.
70% engasjement som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.12.26, med utviding til 100% frå 01.01.27 og ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage
100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.01.27 og ut februar, med mulig forlenging ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage.
Det kan og kome andre vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i tillegg til dette.
Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.).
Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Systemarbeid, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Med dette som bakgrunn har Vikedalen bhg valgt å spisse sitt fokus mot uteliv og relasjonskompetanse, medan Ullvika barnehage har eit spissa fokus på språkutvikling og nærmiljøet.
Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside - https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/
Vi oppfordrar menn til å søkje.
Fagarbeidar skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift.
Fagarbeidar må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn.
Dette betyr mellom anna;
(ufaglærte med realkompetanse kan også vere aktuelle for stillinga)
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik bhg, +4795294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no
Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no
Ullaviklia 23
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5201237416
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 05.11.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.