Seksjonsleiar
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester frå seksjon Eggesbøtun?
Vår kollega skal ut i permisjon, og vi søker difor ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 100 % vikariat fram til medio april 2028.
Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.
Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen.
Vi ser etter deg som trivst med faglege utfordringar, har eit løysingsorientert blikk og tek ansvar når situasjonen krev det. Du samarbeider godt med andre, ser moglegheiter framfor avgrensingar og ønskjer å vere med på å vidareutvikle gode tenester for brukarane våre.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø, der du samarbeider tett med heimetenesta og andre tenester i kommunen for å finne gode løysingar og sikre heilskaplege tenester for bebuarane. Hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell kvar dag – for bebuarane, pårørande og kollegaene dine. Kanskje er du den vi ser etter?
Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Margrethe Djupvik, Seksjonsleiar
Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5182008833
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 14.10.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !