Universitetet i Stavanger søkjer avdelingsleiar til Arkeologisk museum, Avdeling for formidling.
Me søkjer ein ambisiøs person som vil styrkje museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt museum som driv forskingsbasert formidling av regionen i forhistorisk og tidleg historisk tid.
Avdelingsleiaren skal leie det strategiske arbeidet med å utvikle heilskaplege konsept og planar for formidlinga av museet si forsking og øvrige kunnskapsproduksjon. Vidare skal avdelingsleiaren, i samarbeid med avdelinga, utvikle formidlingsprofilen til museet, samt organisering og drift av avdelinga.
Avdelingsleiaren har ansvar for overordna gjennomføring av utstillingsproduksjon, programmering av publikumsaktivitetar, samt drift av resepsjon, butikk og kafé på Arkeologisk museum og Jernaldergarden.
Vi søkjer deg som har ei heilskapleg tilnærming til formidling og er oppteken av samanhengen mellom dei ulike ansvarsområda til avdelinga og publikumsopplevinga.
Avdelingsleiaren deltek i museet si leiargruppe og skal bidra til å utvikle og setje i verk museet og universitetet sine faglege og administrative strategiar.
Arkeologisk museum driv nyskapande, forskingsbasert formidling med høg kvalitet. Avdelinga planlegg, tilrettelegg og utfører kunnskapsbasert formidling og forsking på forhistorisk tid og mellomalder. Avdelinga har ansvar for publikums- og utleigeverksemd på to lokasjonar: Arkeologisk museum på Våland i Stavanger sentrum og Jernaldergarden på Ullandhaug. Gjestesegmentet er ein kombinasjon av lokale skuleklassar, lokalbefolkning og internasjonale gjester.
Arkeologisk museum står framfor store og interessante utfordringar i åra framover, og skal bidra til å realisere visjonen om å vere Universitetet i Stavanger sin arena i sentrum.
Sentrale oppgåver i avdelinga er bygging av nye utstillingar, utvikling av kulturscene og dialogarena, utvikling av publikumstilbodet og gjesteopplevinga.
Vi søkjer ein person som vil vere med på å:
Den som vert tilsett må ha:
Det vil óg bli lagt vekt på:
UiS skal vere eit trygt arbeids- og læringsmiljø for alle, med nulltoleranse for diskriminering. Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaring, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar. Vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med funksjonsnedsetjing. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsnedsetjing, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, avbrot i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi minst ein søkjar frå kvar av desse gruppene inn til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her registrerer du minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdigheiter. I søknadsbrevet må du få fram kompetansen din og motivasjon for stillinga.
Relevante vitnemål, attester og eventuell annan dokumentasjon som du ønskjer skal tas omsyn til, lastar du opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga til saman overskrid 100 MB må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som ligg føre i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som er skildra ovanfor.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrerte i Jobbnorge.
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd. Muséet driv eit forlag med to vitskaplege seriar. Muséet har i dag omlag 75 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.