Vil du leie eit Nav-kontor med eit viktig samfunnsoppdrag? Vi søkjer ein engasjert og tydeleg tenesteleiar som vil utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk, byggje sterke samarbeid og leie kontoret gjennom vidare utvikling og omstilling.
Vi søkjer tenesteleiar for Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling. Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, strategisk og initiativrik, og som vil vere med på å utvikle gode tenester for innbyggjarane i Lom og Skjåk. Stillinga er ledig frå dags dato.
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom Nav Stat og Skjåk kommune. Skjåk kommune er vertskommune, og kontoret ligg i Bismo i Skjåk. Kontoret har i dag ni tilsette.
Som tenesteleiar får du ansvar for å leie og utvikle Nav-kontoret i tråd med nasjonale føringar, lokale behov og gjeldande lovverk. Nav-lova, folketrygdlova og sosialtenestelova står sentralt i tenestene ved kontoret.
Du vil representere arbeids- og velferdsetaten i møte med samarbeidspartnarar, og bidra til godt samarbeid mellom stat, kommune og andre aktørar. Stillinga har varierte og spennande oppgåver, med rapportering både til kommunedirektøren i Skjåk kommune og direktøren i Nav Innlandet.
Som tenesteleiar blir du del av leiargruppene både i Skjåk kommune og i Nav Innlandet.
Leie, drifte og vidareutvikle kontoret både fagleg, kvalitetsmessig og organisatorisk, slik at tenestene er heilskaplege, effektive og brukarvennlege for innbyggjarane og samarbeidspartnarane.
Tilpasse og sette i verk overordna føringar.
Ansvar for personal og budsjett, og å oppnå mål innan gjeldande rammer.
Styrke omstillingsevna for å kunne ta imot og levere moderniserte tenester.
Bidra til eit godt fungerande tverrfagleg samarbeid både lokalt, regionalt og på tvers av Nav kontor.
Noko reiseverksemd gjennom jobben må påreknast.
Minimum tre år høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant praksis med gode resultat kan vege noko opp for manglande utdanning.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
har leiarutdanning
har kompetanse om offentleg forvaltning, kommunale og statlege styringssystem og økonomiområder
har god digital kompetanse
har kunnskap om målstyring og evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv
har erfaring og evne til leiing av medarbeidarar
kan skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar
har god forståing av arbeids- og velferdspolitikken
har kompetanse om partssamarbeid og erfaring frå samarbeid med tillitsvalde
evne til å prioritere ut frå eit heilskapsperspektiv
evne til leiing av medarbeidarar og bygge eit godt arbeidsmiljø
evne til å skape gode relasjonar både til interne og eksterne samarbeidspartar
ryddig og systematisk arbeidsform
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi ynskjer ein leiar som kan kommunisere godt, er tydeleg, strukturert og resultatorientert. Vi søkjer deg som har evne til å leie ein organisasjon der omstilling og fornying er vektlagt. Du har evne til å byggje ein felles kultur, skape engasjement og eit godt arbeidsmiljø, og du ser NAV i ljos av kommunane og staten sitt samfunnsoppdrag.
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
Pensjonsordning i KLP.
Spørsmål kan rettast til kommunalsjef Ivar Bø, mobil 91 81 76 96 og Nina Vaage, avdelingsdirektør NAV Innlandet, mobil 911 30 579.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda. Kontakt: Heidrun Israelsen -- prosjektleiar <<Sats på Skjåk>> Tlf. 994 27 902
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på Sletting av gjeld i utvalgte kommunar.
Nav sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skape eit inkluderande samfunn, arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad.
Nav er ein viktig del av tryggingsnettet i velferdsstaten. Nav skal bidra til at fleire kjem i arbeid og færre går på stønad, og samtidig sørge for at dei som treng det er sikra inntekt og økonomisk tryggleik gjennom rett pengestøtte til rett tid.
For å løyse samfunnsoppdraget forvaltar Nav om lag ein tredel av statsbudsjettet, gjennom ordningar som arbeidsretta tiltak, dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, økonomisk sosialhjelp, foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.
Nav tilbyr tenester, ytingar og stønader til både privatpersonar og arbeidsgjevarar. For å sikre heilskaplege tenester, samarbeider vi tett med arbeidslivet, kommune-, helse- og utdanningssektoren, andre statlege verksemder og frivillige aktørar.