Sauda kommune har ledig 100% fast stilling ved Austarheim skule frå 1. januar 2027.
Austarheim skule er ein barneskule med 143 elevar skuleåret 2026/2027.
Me søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar som vil vere med på å utvikle eit inkluderande og godt læringsmiljø for elevane våre.
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Sauda kommune er omfatta av ordninga som inneber sletting av studielån/utdanningsgjeld. Alle som bur i ein av dei 189 kommunene på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vere busett i ein av desse kommunane, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når gjelda er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vere kvalifisert til å få sletta gjelda.
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn til å søkje stillinga.
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herSauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.