Vestnes sentralkjøkken har ledig eit vikariat i 80 % stilling for fagutdanna kokk. Det er moglegheit for fast stilling seinare. Stillinga har arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsstad
Sentralkjøkkenet ligg i sentrum av Vestnes.
Sentralkjøkkenet er under renovering, og vi er difor mellombels lokaliserte ved aktivitetssenteret.
Arbeidsoppgåver -
- nytte kjøkkendataprogram som arbeidsverktøy dagleg
- rullering av arbeidsoppgåver på dei ulike stasjonane
- utføre arbeidet etter gjeldande lovverk, arbeidslister, dagsplanar og rutiner (herunder I.K.)
- delaktig i menyval, arbeidsmetodar m.m.
Kvalifikasjonar
- fagbrev som kokk
- ha erfaring frå storkjøkken, institusjonkjøkken, relevant praksis
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/ B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være engasjert, ansvarsfull og fagleg forkusert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha god orden
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tillsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanse
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema:
Søk herVestnes Sentralkjøkken ligg i sentrum med samlokalisasjon med institusjon og anna tenestetilbod. I produksjonen har vi fleire kokkar, men også matverter som yter teneste inne på helsehuset Stella Maris (institusjonsdel).
Vi produsere mat inkludert spesialkost / diettar etter kok/server metoden.
Tilberedning av desserter og kaker. Vi tilbyr variert, næringsrik og tilpassa kost til den einskilde som har behov for det.
Vi leverer mat i institusjon, dagsenter og til heimebuande.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.