Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi ønskjer derfor å styrkje teamet med ein engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100 % stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Vi ser etter deg som tek ansvar, møter menneske med omtanke og respekt, og som finn gode løysingar når nye utfordringar oppstår. Du trivst i ein aktiv og variert kvardag der ingen dagar er like, og du klarer å halde motivasjonen oppe også i periodar med høgt tempo. Gode evner til kommunikasjon og samarbeid er viktige i denne rolla. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg positivt både fagleg og sosialt, og som er med på å skape eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og brukarar.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bygge verdifull erfaring i eit variert arbeid. Arbeidet vårt er retta mot å gi brukarane god livskvalitet, styrkje deira eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg. Tenesta omfattar både heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar, og vi har alltid eit sterkt fokus på kvalitet i tenestene og den enkelte sine behov. Du vil vere ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av ei eining som er i vekst og stadig endring.
I sektor for velferd samarbeider vi tett på tvers av einingar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg tenester til innbyggjarane våre.
Som helsefagarbeidar vil du ha eit variert arbeid med faglege utfordringar knytt til oppfølging av brukarar både i eigne heimar og i omsorgsbustader. Vi legg stor vekt på godt samarbeid med brukarane, og har eit tett og velfungerande samarbeid med andre einingar og faggrupper innan velferdssektoren.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Difor er det krav om at du
Vi ser etter deg som:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Stabilitet, gode verdiar og arbeidsmoral er viktig for oss. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312
Teigevegen 55
6060 Hareid
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 5142995413
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 16.07.2026
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.