Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg. Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du ha moglegheit til å vere med og påverke din eigen turnus.
Sivdamheimen ligg sentralt til, med kort avstand til både Bryne sentrum og buss- og togstasjon. Avdelinga er organisert i tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy.
Me har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Saman arbeider me målretta for å gje pasientane ein trygg og tilrettelagd kvardag, med
fokus på meistring, trivsel og best mogleg livskvalitet.Hos oss får du arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukarmedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg me vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen. Institusjonstenestene i Time kommune har eigen fagutviklar med særleg fokus på kompetanse-utvikling, pasientsikkerheit og kvalitet. Me har òg eit tett og godt samarbeid med kommunen sin demenskoordinator.
Ønskelig med oppstart 1.september
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Mari Elise Almås, Avdelingsleiar, 93268156, mari.elise.almas@time.kommune.no
Røyrvika 12
4344 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5156523625
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.