Vi har høg aktivitet og mange spanande prosjekt som spenner mellom by- og tettstadsutvikling, reiseliv, bustad og industri til overordna areal- og samfunnsplanlegging.
Vi treng deg som ønskjer å leia den vidare satsinga innan planfaget, og søkjer no fagleiar for våre 19 dyktige planleggjarar.
ønskjer at medarbeidarar skal lukkast og oppleva mestring
har erfaring frå fag- og eller personalleiing
har relevant erfaring og høgare utdanning innan planfaget
balanserer kundefokus, kvalitet i leveranse og samfunnsansvar
kommuniserer godt med ulike målgrupper
har god kunde- og marknadsforståing
ha fagansvar for ei gruppe gode fagfolk
inngå i seksjonen si fagleiargruppe
sikre høg kvalitet på våre leveransar
bidra til strategi-, analyse- og utviklingsarbeid innan areal- og samfunnsplanfaget
ha ansvar for tilbod og ressursallokering
Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer.
Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid. Arbeidsstad kan tilpassast den aktuelle kandidaten.
Nordplan AS er eit tverrfagleg rådgjevingsmiljø med over 100 medarbeidarar, fordelt på kontor i Ålesund, Ørsta, Måløy, Nordfjordeid, Stryn, Førde, Bergen, Stord, Vågå, Lillehammer og Oslo. Lokal forankring og kundenettverk er sjølve grunnstamma i Nordplan sin strategi -- vi kjenner staden og folket der vi er.
Areal- og samfunnsplanfaget i Nordplan har lang historikk og ei sterk forankring i organisasjonen. Det er over tid bygd eit godt fagmiljø fordelt på dei ulike kontora våre.