Ridesenteret i Rauland går inn i ei ny epoke med Vinje Kommune som eigar. I planen heiter det; -Ridesenteret skal utviklast som ein varig og profesjonell institusjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Dette gjev spennande utfordringar for aktive og teamorientere medarbeiderar
Kvalifikasjonar:
· Erfaring med hestehald, ridning og/eller stalldrift vil vere ein fordel, men
ikkje eit krav.
· Erfaring frå administrasjon, økonomi og marknadsføring
· Ledererfaring - ein teambyggjar
· Ansvarsbevisst, strukturert, positiv og sjølvstendig
Ridesenteret skal gjennom bruk av hest og rideaktivitetar vere ein aktiv medspelar i arbeidet med livskvalitet, helse, kulturformidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.-
Til å delta i denne spennande utviklinga søkjer vi ein administrasjonsleiar som ønskjer å vere ansvarleg for å utvikle og bygge opp eit framtidsretta tilbod i tråd med Vinje kommune sine planar for ridesenteret.
Den rette kandidaten vil få moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga innan hesteassisterte helsetjenester og tradisjonell ridesenteraktivitet.
Viktige oppgåver vil bli å motivere og utvikle ansatte, og å vere kontaktledd mot innleigde tjenester innan reknskap og marknadsføring, presentere drifta for styret og vera kontaktperson for Ridesenteret utad.
Stillinga vil passe godt for ein person som allereie har ein deltidsposisjon som ynskjer å fylle på med eit nytt, interessant oppdrag.
Vi tilbyr:
· Variert og aktiv arbeidsdag, ca. 8 timar pr. veke.
· Sosialt og inkluderande miljø
· Mogelegheit for å påvirke utvikling og drift av senteret
· Mogelegheit for personleg utvikling innan fagområda ridesenteret er
tilknytt
· 20% stilling
· Konkurransedyktige betingelsar
Ridesenteret i Rauland har stått for viktige aktivitetar for born, unge, innbuarar i Vinje og tilreisande, i over 40 år. Ridesenteret er i vekst og har for tida 13 hestar. Vi disponerer gode lokalitetar i vakre omgivelsar på Rauland, med stor ridehall, stall, undervisningsrom og kafélokale.
Ridesenteret har tre strategiske område:
Ordinære ridesenteraktiviteter (Kurs, ridetimer, stallarbeid, aktiv trening)
Hesteassisterte aktiviteter retta mot helse, skule og friskliv
Aktiviteter mot turisme og tilreisande