Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur
Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI.
Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling.
Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta.
Kjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5188305885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!