Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.
Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.
Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.
Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:
Utdanning:
Du må ha fullført vidaregåande skule
Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule
Erfaring:
Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar
Du bør:
Personlege eigenskapar blir vektlagt
I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Birgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166
Storvegen 195
3880 Dalen
Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5195498759
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 29.10.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026
Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.
Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.
Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse, kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.