Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig ei kombinert 100% midlertidig stilling med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Infusjonspoliklinikken, og Medisinsk sengepost 2. 20 % av stillinga er ved Infusjonspoliklinikken og 80 % av stillinga er ved Medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg.
Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Sjekk ut Instagram: medisin2_hmr
Ved Infusjonspoliklinikken gir ein infusjonar og injeksjonar til pasientar med hovudsakleg gastroenterologiske og revmatologiske sjukdomar, men også andre fagfelt tilviser pasientar til infusjonspoliklinikken.
Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.
Ved poliklinikk:
Ved sengepost:
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, +47 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.no
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, 70105792, Marthe.Farstad@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5183758376
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 19.10.2026
Sluttdato: 17.10.2027
Søknadsfrist: 14.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.