Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i fagsystem. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.
Godkjent sjukepleiar
Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert
Førarkort klasse B
Godkjent politiattest
viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag
har erfaring frå liknande arbeid
viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert
har evne til å arbeide sjølvstendig
har gode samarbeidsevner
har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
har generell forståing for bruk av meistringsteknologi
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Heimesjukepleia skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at personen skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Tilbodet omfattar difor informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleia si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det personen ikkje meistrar sjølv.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.