Vil du ha ein variert jobb der du både møter pasientar og arbeider med analysar som er viktige for behandlinga deira?
Vi er på jakt etter ein bioingeniør som ynskjer ein spennande og variert arbeidsdag. Du får jobbe i eit sterkt fagmiljø der du blir sett, utfordra og får utvikle deg.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og du blir ein del av eit team som jobbar for trygg, presis og effektiv laboratoriedrift for pasientane våre. Vi er stolte over det gode arbeidsmiljøet og vi tek godt imot nye kollegaer. God og grundig opplæring vil bli gitt.
Det vil vere god moglegheit for fast stilling.
✔ Variasjon - ingen dagar er like! Du får oppgåver innan fleire laboratoriefagområde.
✔ Sterkt fagmiljø - erfarne, dyktige kollegaer som gir deg ei trygg og god opplæring.
✔ Utviklingsmoglegheiter - du får ansvar, kompetansebygging og rom til å lære.
✔ Godt arbeidsmiljø - vi heier på kvarandre og har fokus på samarbeid og trivsel.
✔ Meiningsfull jobb - resultata dine betyr noko for pasientar kvar einaste dag.
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar - Laboratoriet Stord, +47 45661893, ragnhild.pedersen@helse-fonna.no
Tysevegen 64
5416 STORD
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187663475
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 20.10.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.